Paulo Coelho og monismen

 



Paulo Coelho (f. 1947 i Rio de Janeiro)  er ein av verdas mest suksessrike forfattarar. Hans mest kjende bok, Alkymisten, er seld i 30 millionar eksemplar verda over og i meir enn 200 000 eksemplar her i landet sidan den vart utgjeven på norsk i 1995. Coelho vert av mange sett på som ein åndelig vismann. Etter å ha lese eit utval av bøkene hans meiner eg likevel nokre av sanningane han hevdar krev nøyare gjennomtenking.

At alle religionar leier til den same Gud, er noko brasilianaren stadig kjem attende til i litteraturen sin. "Eg trur at kvar einaste religion, dersom den vert vald med ærlegdom, leier til den same Gud", skriv han på heimesida si. I boka Pilegrimsreisen, som handlar om den berømte pilegrimsvegen til Santiago de Compostela i Nord-Spania og som legg grunnlaget for heile forfattarskapen hans, skriv han: "Det er viktig, og det må du aldri glemme: selv om du skulle bli en mester, skal du vite at veien er den ene av de mange som fører til Gud. Jesus sa en gang: "I min fars hus er det mange rom". Og han visste nøyaktig hva han snakket om" (Coelho 1987:237). I boka Ved elven Piedra satt jeg og gråt frå 1994 skriv Coelho: "Buddhistene hadde rett, hinduene hadde rett, muslimene hadde rett, jødene hadde rett. Så snart et menneske ærlig og oppriktig vandret på troens vei, ville han eller hun forenes med Gud og bli i stand til å utføre mirakler."

Monismen

Livssynet som Coelho fremmar i slike sitat kallar vi monisme. Monisme tyder einskapslære og er ein filosofisk ståstad som fører alt attende til eit enkelt prinsipp: Alt er gud og dermed er alt eitt. Denne tanken kjem godt fram i dette sitatet frå boka  Alkymisten: "Når du ønsker noe av hele ditt hjerte, det er da du er nærmest verdens sjel. Det er alltid en positiv kraft (...) Alt på jorden er i stadig forandring fordi jorden lever (...) og den har en sjel. Vi er en del av den sjelen, derfor merker vi nesten ikke at den arbeider for oss".

Det er i hovudsak austlege religionar som bygger på eit slikt livssyn. Dei er gjerne såkalla "teknikkreligionar". Gjennom ulike teknikkar kan menneske kome i samklang med verdssjela. Vi ser i bøkene til Coelho at han óg legg vekt på slike teknikkar. I Pilegrimsreisen får pilgrimen instruksjon i ulike yogaøvingar som skal gje han ei djupare innsikt, og i boka Zahir (2005) deltek hovudpersonen i eit ritual der menneske skal oppdage kjærleikens eigentlege natur.

Ei sanning

Når Coelho siterer Jesus i Pilegrimsreisen ser han ut til å ha gløymt det denne seier få vers lengre  nede i same kapittel: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg" (Joh 14.6). Kristendommen hevdar  å vere den eine vegen, ikkje den eine blant mange. Evangeliet let seg ikkje putte i gryte saman med dei andre religionane. Kristendommen gjer krav på absolutt sanning. Ikkje den absolutte sanninga som vi sjølve har formulert, men den absolutte sanninga som kjem frå ein annan og som vi har funne og blitt overbevist av. Denne eksklusiviteten er likevel støytande for mange. Coelho sin ståstad verkar langt meir politisk korrekt.

På den andre sida dersom vi skal fylgje dei logiske konsekvensane av monismen til endes, tyder dette for det fyrste at moralen som kategori vert oppløyst. Dersom alt er gud og alt dermed er eitt, tyder dette at motsetnadar vert foreina, distinksjonar vert oppheva, kontraster smeltar saman og alle kategoriar vert oppløyste. Viss alt er eitt - kva er då gale? Valdtekt og nestekjærleik har same opphav.
For det andre får det dramatiske konsekvensar for menneskeverdet. Dersom vi seier at mennesket er eitt med det guddommelege, ser det kanskje i utgangspunktet ut som vi meiner at mennesket har ein høg verdi. På den andre sida, dersom alt er det same kan vi då hevde at menneske er unikt? Opphøginga til Gud vert samstundes ei degradering til dyra sitt nivå som i same grad som menneske må oppfattast som guddommelege (Meir om dette? Les Kristen med god grunn av Stefan Gustavsson).

Éin veg?

"En ting er å tro at du er på rett vei, noe annet er å tro at din vei er den eneste", skriv Coelho i boka Ved elven Piedra satt jeg og gråt. "Det er ikkje frelse i nokon annan, for i hele verda er det ikkje gitt noko anna namn som vi kan verte frelst ved," skriv legen Lukas i Apg 4,12. Det er ikkje tvil om kva som er den mest populære tanken av dei to i vår postmoderne tid prega av relativisme, men som vi har sett er ikkje dette populære resonnementet fullt så uproblematisk som ein skulle tru ved fyrste augekast. Mi oppfordring er at du før du tek til deg altfor mykje av den åndelige lærdommen til Coelho, tenkjer nøye gjennom om du er villig til å gå med på føresetnadane som ligg til grunn for denne.

Av Sigrun Risa
© Sigrun Risa

Relevante tekster




Forfatter: Paulo Coelho
Tidligere utgivelser: Pilegrimsreisen, Alkymisten, Ved elven Piedra satt jeg og gråt, Veronika vil dø, Djevelen og frøken Prym, Elleve minutter, Zahir, Heksen fra Portobello
© Damaris Norge AS 

Ansvarlig redaktør: Margunn Serigstad Dahle (margunn s.dahle@damaris.no)


 
 

Nivå